Alle er hjarteleg velkommen som medlem i Valestrand Hjellvik Supporterklubb(VHSK). Uansett kjønn, alder og kor ein kjem ifrå. Valestrand Hjellvik FK er noko som engasjerer veldig mange i alle aldrar og difor bør ein også melda seg inn og støtta supporterklubben. Ein kan på den måten væra med og påvirka arbeidet og det kan også skaffa nettopp deg fleire medlemsfordelar.
Medlemsfordelar 2012
Eit unikt medlemskort i plast.
Tøffe supporterklistremerker.
Kjøleskapsmagnet
Rabatt på supporterartikler frå VHSK.
Rabatt på supporterartiklar frå Valestrand Hjellvik FK.
Muligheten til å være med å påvirka arbeidet i Norges beste supporterklubb.
- Har ein fleire familiemedlemmar som bur i same bustad, så kan ein få eit familiemedlemskap. Vaksne ungar må betale for eige medlemskap i frå det året ein fyller 19 år. Sjølv om ein har eit familiemedlemskap så får alle medlemskort og selvfølgeleg alle dei andre medlemsfordelane.Det er berre for at det skal bli rimeligare for dei med fleire enn 2 personar i husstanden at me har familiemedlemskap. Sånn at ein ikkje treng å ta opp lån i banken for å bli medlem =)
- Familiemedlemskapet må stå på ein person som fyller ut litt nødvendig informasjon om seg sjølv(nedanfor på sida).Me treng berre navn og fødselsår på dei andre personane som inngår i familiemedlemskapet.
- Spørsmålet om årstal har me med fordi det er greit å vite om eit medlem er f.eks 3 eller 60 år gamal. VHSK vil ha ein stor bredde med supportera, og selvfølgelig folk som er unge og dei meir livserfaring =)
Korleis melda seg inn?
- Først betaler du via Bankgiro/postgiro/nettbank Medlemskap (150 kr) eller Familiemedlemskap (300kr) til:Valestrand Hjellvik SupporterklubbReigstad5281 ValestrandsfossenKontonummer: 36325707105Etterpå fyller du ut medlemsinformasjon her:
(Medlemsinformasjon blir ikkje synleg for andre)
3) Når VHSK har fått betalinga og medlemsinfomasjon, vil ein så raskt som mulig få bekreftelse på at betaling er mottat og at alt er i orden. Viss du har spørsmål så kan ein uansett kontakta oss på: VHSKnet@gmail.com


