Sesongåpner heime mot Norhordland Ballklubb!

I følge terminlisteforslaget er det lørdag 14 April kl.15.00 me får sjå  Valestrand Hjellvik FK spela kamp igjen, og det blir mot sjølvaste NBK. Første bortekamp blir mot Telavåg 21.apr. Dei skal allerede i 5.runde bryna seg på opprykksrivalen frå 2010,  Loddefjord den 5 Mai. Brann 3 skal dei derimot ikkje møte før 16.juni, som blir spelt heime på Furubakken og er nest siste kamp før sommarferien. Det blir ikkje spelt kampar i juli måned. Andre motstandarar som ikkje er nevnt er: Lysekloster, Lyngbø, Hald, Gneist,Frøya,Laksevåg, Dale & Sandviken. Dette er eit forslag til terminliste, og klubbane skal drøfte endringar på eit møte i byrjinga av janauar. Det blir mange lørdagskampar, som også gjer det lettare for folk å ta turen til Furubakken og på bortekampane.

Har dei trent godt nok i vintermånadane? Er dei klare for å fara øve alle motstandarar heime på Furubakken Fort? Blir det daiar,musklar, sykling, dansing eller blir det noko nytt dei nye trenarane vil visa fram? Mykje spørsmål og det er berre til å gleda seg til sesongstart!

Vil du sjå den foreløpige terminlista, så er det berre til å trykka på dette PDF bildet:

Terminlista 2012

Terminlista 2012

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s