VHSK er klar for 2011-sesongen
Etter nokre hektiske vintermånader med aktivitet på forskjellige plan ser det no ut som VHSK er skodd for ein ny sesong. Nokre smådetaljar gjenstår men i det store heile er dei viktigaste element kome på plass. Her følgjer ein aldri så liten oppsummering av det som har føregått i vinter.
I november blei Supporterklubben formelt stifta, men med tilbakeverkande kraft. Den 23.03.2002 danna ein supporterklubben oppe på Hansaberget under ein treningskamp med særdeles oppløftande resultat, men som offisiell organisasjon/lag vart resten jobben sluttført før jul. I utgangspunktet ei overkommelig oppgåve men som vanlig i møte med byråkratiet tek slike ting litt tid. Uansett, alt er på plass som det skal væra og som sikkert dei fleste har fått med seg so har klubben no eigen bankkonto.
Parallelt har ein vore i dialog omkring nye flagg, bannera, skjerf, klistremerke, medlemskort, etc. Her har type, design og utforming vorte flittig diskutert. Ein har spesielt vore i kontakt med supporterutstyr.com i Oslo og fått hjelp under utforming og design. Elles har det komme eit flagg frå England og ei kjempebestilling av flagg frå Italia. Spesielt dei 2 stangflagga frå Italia, som har ei flate på 20 kvadratmeter, er det knytt stor spenning til. Nokre bilete har allereie vore å få sjå….
Det som er bestilt og kome i hus til no er:
- 1 stykk 3,5 x 1,6 meter flagg med supporterklubb-motiv
- 1 stykk stangflagg 4 x 5 meter med VHFK-motiv
- 1 stykk stangflagg 4 x 5 meter med Supporterklubb-motiv
- 10 stykk 1,5 x 1 meter håndholdte flagg svart/kvit ruter
- 10 stykk 1,5 x 1 meter håndholdte flagg kvit med svarte vertikale striper.
På veg:
- 100 stykk skjerf med trykk på begge sider
- 1000 stykk klistremerker med to forskjellige motiv
- 400 stykk medlemskort i plast (i produksjon)
Under bestilling:
- 1 stykk 4 x 1 meter megabanner med ”hemmelig design”
- 4 stykk diplomatflagg til Cadillac Limo
- Evt.
I tillegg har Supporterklubben vore i dialog med VHFK ifm bestilling av skjerf, huer, vimplar og paraplyar. Det blir med andre ord nok å setja på ønskelista til sesongstart.
Ein kan elles røpa at planlegging og tilrettelegging for det vidgjetne Seminar 2011 går heilt etter planen! Det er berre å setja av kvelden 26.februar for strabasar i huset .
